204214
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
204214
Ei arbeidsløyse på 3,9 prosent
statistikk
2015-03-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 3,9 prosent i januar 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ei arbeidsløyse på 3,9 prosent

I januar var det 109 000 arbeidslause, som utgjorde 3,9 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Januar 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar109 0005 000
I prosent av arbeidsstyrken3,90,1
 
Sysselsette personar2 659 00023 000
I prosent av befolkninga68,60,4

Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa på 3,9 prosent i januar 2015 (gjennomsnitt av desember-februar). Samanlikna med oktober 2014 (gjennomsnitt av september-november) var dette ein oppgang på 0,1 prosentpoeng, eller 5 000 personar. Auken er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med ein stigande trend sidan mai 2014.

Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for desember 2014 (gjennomsnitt av november-januar) justert opp frå 3,7 til 3,8 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 1 000 frå oktober 2014 til januar 2015. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Auke i sysselsettinga

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 23 000 frå oktober 2014 til januar 2015. Dette er i tråd med utviklinga det siste året. Talet på sysselsette har gått opp med 36 000 frå januar 2014 til same månad i 2015. Trass i dette har sysselsettingsprosenten vore uendra på 68,6 prosent i denne perioden. Dette heng saman med at det óg har vore ein tilsvarande befolkningsauke. Den utviklinga gjaldt både kvinner og menn.

Arbeidsløysa ned i EU

I motsetnad til i Noreg har arbeidsløysa i EU sett under eitt gått gradvis ned den siste tida. Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i EU 9,8 prosent av arbeidsstyrken i januar 2015. Dette er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå oktober 2014. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom EU-landa. I januar 2015 var til dømes arbeidsløysa på 23,4 prosent i Spania, medan ho var på 4,7 prosent i Tyskland. I Spania har arbeidsløysa vore på over 20 prosent sidan siste halvdel av 2010, medan ho i Tyskland har gått gradvis ned sidan 2009.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB