146386
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146386
Arbeidsløysa 3,7 prosent
statistikk
2014-10-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 3,7 prosent i august 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,7 prosent

I august var det 102 000 arbeidslause, opp frå 88 000 i mai.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
August 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar102 00014 000
I prosent av arbeidsstyrken3,70,5
 
Sysselsette personar2 637 000-2 000
I prosent av befolkninga68,4-0,3

Ifølge arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa 3,7 prosent av arbeidsstyrken i august (gjennomsnitt av juli-september), opp frå 3,2 prosent i mai (gjennomsnitt av april-juni). Det var auke i arbeidsløysa for både kvinner og menn, både for dei under 25 år og dei over.

Det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 14 000 frå mai til august. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Lita endring i sysselsettinga

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 2 000 frå mai til august, ei endring som er innanfor feilmarginen . Frå august 2013 til august 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka med 20 000. Denne auken kom blant personar som er 25 år og eldre. Blant dei under 25 år har det vore ein nedgang.

I august 2014 utgjorde dei sysselsette 68,4 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, ned 0,3 prosentpoeng frå mai.

Låg arbeidsløyse i Tyskland

Ifølge sesongjusterte tal var arbeidsløysa i Tyskland 4,9 prosent i august, ned 0,1 prosentpoeng frå mai. I løpet av same perioden gjekk arbeidsløysa opp med 0,3 prosentpoeng i Frankrike, til 10,5 prosent i august. I EU sett under eitt utgjorde dei arbeidslause 10,1 prosent av arbeidsstyrken i august, ned 0,2 prosentpoeng frå mai. I USA gjekk arbeidsløysa også ned med 0,2 prosentpoeng i den same perioden, til 6,1 prosent i august.

I Sverige gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp frå 7,8 prosent i mai til 8,0 prosent i august. I same perioden gjekk arbeidsløysa i Danmark opp med 0,3 prosentpoeng, til 6,7 prosent.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB