146384
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146384
Uendra arbeidsløyse
statistikk
2014-09-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 3,4 prosent i juli 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra arbeidsløyse

I juli var det 94 000 arbeidslause, som svarer til 3,4 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juli 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar94 0002 000
I prosent av arbeidsstyrken3,40,0
 
Sysselsette personar2 644 00013 000
I prosent av befolkninga68,70,1

Ifølge arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa 3,4 prosent av arbeidsstyrken i juli (gjennomsnitt av juni-august). Dette var uendra frå april (gjennomsnitt av mars-mai). Det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 2 000 i løpet av denne perioden, men det er innanfor feilmarginen . Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabil sysselsetting

Ifølge AKU var det 13 000 fleire sysselsette i juli enn i april, justert for sesongvariasjonar. Endringa er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med utviklinga det siste året. Frå juli 2013 til juli 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka med 32 000. Denne auken kom blant dei over 24 år. I juli 2014 utgjorde dei sysselsette 68,7 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, opp 0,1 prosentpoeng frå april same år og ned 0,1 prosentpoeng frå juli året før.

Arbeidsløysa ned i Sverige

I Sverige gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned frå 8,1 prosent i april til 7,8 prosent i juli. I same perioden gjekk arbeidsløysa i Danmark opp med 0,2 prosentpoeng, til 6,6 prosent. EU15 hadde ei arbeidsløyse på 10,5 prosent i juli, ned frå 10,6 prosent i april. Også i USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng, til 6,2 prosent i juli.

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB