146382
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146382
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2014-08-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Arbeidsledigheten var 3,3 prosent i juni 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

I juni var det 89 000 arbeidslause, som svarer til 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juni 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar89 000-2 000
I prosent av arbeidsstyrken3,3-0,1
 
Sysselsette personar2 637 0008 000
I prosent av befolkninga68,60,0

AKU viser at den sesongjusterte arbeidsløysa var på 3,3 prosent av arbeidsstyrken i juni (gjennomsnitt av mai-juli). Samanlikna med mars (gjennomsnitt av februar-april) er dette ein nedgang på 0,1 prosentpoeng, eller 2 000 personar. Men nedgangen er innanfor feilmarginen . Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabil sysselsetting

Ifølge arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 8 000 fleire sysselsette i juni enn i mars. Tala er justerte for sesongvariasjonar. Denne endringa er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med utviklinga det siste året. Frå juni 2013 til juni 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka med 29 000. I juni utgjorde dei sysselsette 68,6 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år. Nivået er uendra frå mars.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 6,7 prosent i mars til 6,1 prosent i juni. I Danmark og Sverige var arbeidsløysa uendrai denne perioden og utgjorde i juni respektive 6,5 og 8 prosent. EU15 hadde ei arbeidsløyse på 10,5 prosent i juni, ned frå 10,6 prosent i mars.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB