146380
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146380
Fleire sysselsette
statistikk
2014-07-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Arbeidsledigheten var 3,2 prosent i mai 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sysselsette

Talet på sysselsette personar auka med 19 000 frå februar til mai 2014.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mai 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar87 000-8 000
I prosent av arbeidsstyrken3,2-0,3
 
Sysselsette personar2 640 00019 000
I prosent av befolkninga68,70,3

Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 19 000 fleire sysselsette i mai (gjennomsnitt av april-juni) enn i februar (gjennomsnitt av januar-mars), justert for sesongvariasjonar. Auken kom blant både kvinner og menn i alderen 25-74 år. I mai utgjorde dei sysselsette 68,7 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, opp 0,3 prosentpoeng frå februar.

Arbeidsløyse på 3,2 prosent

AKU viser at den sesongjusterte arbeidsløysa var på 3,2 prosent i mai. Samanlikna med februar var dette ned 0,3 prosentpoeng, eller 8 000 personar, men dette er innanfor feilmarginen . Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Arbeidsløysa ned i Danmark og Sverige

I Danmark utgjorde dei arbeidslause 6,5 prosent av arbeidsstyrken i mai. Dette er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå februar. I Sverige gjekk arbeidsløysa ned med 0,3 prosentpoeng i den same perioden, til 7,8 prosent i mai. I EU15 var arbeidsløysa på 10,6 prosent i mai, ned frå 10,7 prosent i februar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB