146378
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146378
Arbeidsløysa 3,3 prosent
statistikk
2014-06-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Arbeidsledigheten var 3,3 prosent i april 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,3 prosent

I april var det 90 000 arbeidslause, som svarer til 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
April 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar90 000-5 000
I prosent av arbeidsstyrken3,3-0,2
 
Sysselsette personar2 633 0008 000
I prosent av befolkninga68,60,0

Ifølge arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa på 3,3 prosent i april (gjennomsnitt av mars-mai), ned 0,2 prosentpoeng frå januar (gjennomsnitt av desember-februar). Endringa er innanfor feilmarginen .

AKU viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk ned med 5 000 frå januar til april. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabil sysselsetting

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 8 000 frå januar til april. Denne endringa er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med utviklinga det siste året. Frå april 2013 til april 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka med 38 000. I april 2014 utgjorde dei sysselsette 68,6 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år. Dette var uendra både frå januar det same året og frå april året før.

Talet på sysselsette har berre variert innanfor feilmarginen sidan hausten 2013. I løpet av dette halvåret har likevel trenden vore auke i talet på sysselsette blant dei i alderen 25-74 år og små endringar eller nedgang blant dei under 25 år.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA utgjorde dei arbeidslause 6,3 prosent av arbeidsstyrken i april, ned 0,3 prosentpoeng frå januar. USA har hatt ein gradvis nedgang i arbeidsløysa dei siste åra, frå eit nivå på 9-10 prosent i 2010-2011. Arbeidsløyseprosenten i EU15 var også 9-10 prosent i desse to åra, men der gjekk arbeidsløysa opp til rundt 11 prosent i 2013. Sidan byrjinga av 2014 har det vore ein liten nedgang. I april 2014 var arbeidsløysa i EU15 10,7 prosent, ned 0,1 prosentpoeng frå januar.

I Danmark gjekk arbeidsløysa ned frå 7,0 prosent i januar til 6,5 prosent i april. I Sverige gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 8,1 prosentpoeng i april.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB