146376
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146376
Arbeidsløysa 3,3 prosent
statistikk
2014-05-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Arbeidsledigheten var 3,3, prosent i mars 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,3 prosent

I mars var det 91 000 arbeidslause, noko som svarte til 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mars 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar91 000-9 000
I prosent av arbeidsstyrken3,3-0,3
 
Sysselsette personar2 629 0006 000
I prosent av befolkninga68,60,0

Ifølgje sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) var arbeidsløysa på 3,3 prosent i mars 2014 (gjennomsnitt av februar-april), ned 0,3 prosentpoeng frå desember 2013 (gjennomsnitt av november-januar). Denne endringa er innanfor feilmarginen .

AKU viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk ned med 9 000 frå desember 2013 til mars 2014, men endringa er som nemnt innanfor feilmarginen. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabil sysselsetting

Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ifølge AKU opp med 6 000 frå desember 2013 til mars 2014, ei endring som isolert sett er innanfor feilmarginen. Endringa er likevel i tråd med utviklinga siste året. Frå mars 2013 til mars 2014 har talet på sysselsette auka med 34 000. Dei sysselsette i mars 2014 utgjorde 68,6 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, uendra frå desember og mars 2013.

Talet på sysselsette har berre variert innanfor feilmarginen sidan hausten 2013. I dette halvåret har trenden vore ein auke i talet på sysselsette blant dei i alderen 25-74 år og små endringar eller nedgang blant dei under 25 år.

Arbeidsløysa ned i Danmark

I Danmark utgjorde dei arbeidslause 6,5 prosent av arbeidsstyrken i mars 2014, ned 0,6 prosentpoeng frå desember 2013. I Sverige gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng i same perioden, til 8,1 prosentpoeng i mars. I EU15 var arbeidsløysa på 10,8 prosent i mars, ned 0,1 prosentpoeng frå desember 2013.

I heile 2013 har arbeidsløysa lege på om lag 11 prosent i EU15, men med store skilnader mellom landa. I Spania, Frankrike og Tyskland har arbeidsløysa lege rundt høvesvis 26, 10 og 5 prosent i heile 2013. I Storbritannia gjekk arbeidsløysa ned frå om lag 8 til 7 prosent i løpet av 2013.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB