146392
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146392
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2014-04-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utvikling i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Arbeidsledigheten var 3,5 % i februar 2014

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

Dei 96 000 arbeidslause i februar 2014 svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Begge tala er uendra frå november 2013.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Februar 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar96 0000
I prosent av arbeidsstyrken3,50,0
 
Sysselsette personar2 619 000-3 000
I prosent av befolkninga68,4-0,3

Ifølgje sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var arbeidsløysa på 3,5 prosent i februar 2014 (gjennomsnitt av januar-mars), uendra frå november 2013 (gjennomsnitt av oktober-desember). Heilt sidan AKU i siste halvdelen av 2012 viste ein auke frå eit nivå rundt 3,1 prosent til 3,5 prosent, har arbeidsløyseprosenten vore på dette nivået eller variert innanfor feilmarginen .

Dei sesongjusterte AKU-tala viser uendra tal på arbeidslause frå november 2013 til februar 2014. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var også uendra i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Uendra tal på sysselsette

Ifølgje AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 3 000 frå november 2013 til februar 2014, ei endring som er innanfor feilmarginen. Dei sysselsette i februar 2014 utgjorde 68,4 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, ned 0,3 prosentpoeng frå november 2013.

Talet på sysselsette har berre variert innanfor feilmarginen sidan hausten 2013. I løpet av dette halvåret har trenden vore auke i talet på sysselsette blant dei i alderen 25-74 år og små endringar eller nedgang blant dei under 25 år.

Arbeidsløysa ned i Tyskland, opp i Frankrike

I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 5,1 prosent av arbeidsstyrken i februar 2014, ned 0,1 prosentpoeng frå november året før. Arbeidsløysa i Tyskland har gradvis gått ned dei siste åra, frå eit nivå på rundt 8 prosent i 2009. I Frankrike har utviklinga gått andre vegen. Der var arbeidsløysa 10,4 prosent i februar 2014, opp 0,2 prosentpoeng frå november 2013 og opp frå eit nivå på rundt 9 prosent i 2009.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB