146390_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146390
Arbeidsløysa 3,5 prosent
statistikk
2014-04-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,5 prosent

Dei 95 000 arbeidslause i januar svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Januar 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar95 0004 000
I prosent av arbeidsstyrken3,50,1
 
Sysselsette personar2 631 0006 000
I prosent av befolkninga68,7-0,1

Ifølgje sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) auka arbeidsløysa med 0,1 prosentpoeng frå oktober 2013 (gjennomsnitt av september-november) til januar 2014 (gjennomsnitt av desember-februar). Denne endringa er innanfor feilmarginen . Heilt sidan AKU i siste halvdelen av 2012 viste ein auke frå eit nivå rundt 3,1 prosent til 3,5 prosent, har arbeidsløyseprosenten berre variert innanfor feilmarginen.

Sidan førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for desember 2013 (gjennomsnitt av november-januar) justert opp frå 3,6 til 3,7 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein reknar ut heile tidsserien på ny kvar månad.

Justert for sesongvariasjonar viser AKU ein auke på 4 000 arbeidslause frå oktober 2013 til januar 2014, men oppgangen er som nemnt innanfor feilmarginen. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 1 000 personar i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabilt tal på sysselsette

Ifølgje AKU steig det sesongjusterte talet på sysselsette med 6 000 frå oktober 2013 til januar 2014. Auken er isolert sett innanfor feilmarginen, men i tråd med utviklinga siste året. Frå januar 2013 til januar 2014 gjekk talet på sysselsette opp med 39 000. Dei sysselsette i januar 2014 utgjorde 68,7 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, ned 0,1 prosentpoeng frå oktober 2013 og opp 0,1 prosentpoeng frå januar 2013.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA utgjorde dei arbeidslause 6,6 prosent av arbeidsstyrken i januar 2014. Dette er ein negang på 0,6 prosentpoeng frå oktober 2013. I EU15 var arbeidsløysa uendra på 11,0 prosent i den same perioden. Tyskland hadde ein nedgang frå 5,2 prosent i oktober 2013 til 5,0 prosent i januar 2014. I Sverige gjekk arbeidsløysa opp frå 7,9 prosent i oktober 2013 til 8,2 prosent i januar 2014. Danmark hadde ein auke på 0,1 prosentpoeng i denne perioden, til 7,0 prosent i januar.