146374
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146374
Arbeidsløysa 3,6 prosent
statistikk
2014-02-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise tal, viser utviklinga i sysselsetjinga og arbeidsløysa på kort sikt. Arbeidsløysa var 3,6 prosent i desember 2013.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,6 prosent

I desember 2013 var det 99 000 arbeidslause, som utgjorde 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Gjennom størsteparten av 2013 har arbeidsløysa variert mellom 3,4 og 3,6 prosent.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Desember 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar99 0006 000
I prosent av arbeidsstyrken3,60,2
 
Sysselsette personar2 627 0008 000
I prosent av befolkninga68,70,0

Ifølgje sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) var arbeidsløysa på 3,6 prosent i desember (gjennomsnitt av november-januar), opp 0,2 prosentpoeng frå september (gjennomsnitt av august-oktober). Denne endringa er innanfor feilmarginen . Heilt sidan AKU viste ein auke i slutten av 2012, har arbeidsløyseprosenten berre variert innanfor feilmarginen.

AKU viser ein auke på 6 000 i det sesongjusterte talet på arbeidslause frå september til desember, men dette er som nemnt innanfor feilmarginen. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 1 000 personar i løpet av same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabilt tal på sysselsette

Justert for sesongvariasjonar viser AKU at det var 8 000 fleire sysselsette i desember enn i september. Auken er isolert sett innanfor feilmarginen, men i tråd med utviklinga gjennom 2013. Frå desember 2012 til desember 2013 gjekk talet på sysselsette opp med 33 000. Dei sysselsette i desember 2013 utgjorde 68,7 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, uendra både frå september same år og frå desember 2012.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA utgjorde dei arbeidslause 6,7 prosent av arbeidsstyrken i desember 2013, ned 0,5 prosentpoeng frå september og 1,2 prosentpoeng frå desember 2012. I EU15 gjekk arbeidsløysa også ned, frå 11,1 prosent i september til 11,0 prosent i desember. I Sverige og Danmark var arbeidsløysa uendra på høvesvis 8,0 og 6,9 prosent. I Tyskland gjekk arbeidsløysa ned frå 5,2 prosent i september til 5,1 prosent i desember. Også i Frankrike gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i løpet av same periode, til 10,8 prosent i desember.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB