135550
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
135550
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2014-01-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

I november 2013 var det 95 000 arbeidslause. Det svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken, uendra frå august.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
November 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar95 0000
I prosent av arbeidsstyrken3,50,0
 
Sysselsette personar2 623 0006 000
I prosent av befolkninga68,7-0,1

Ifølgje sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var arbeidsløysa på 3,5 prosent i november (gjennomsnitt av oktober-desember), uendra frå august (gjennomsnitt av juli-september). Etter at AKU viste ein auke i slutten av 2012 har arbeidsløyseprosenten berre variert innanfor feilmarginen . I størsteparten av 2013 har arbeidsløyseprosenten lege rundt 3,5 prosent.

Sidan førre publisering er arbeidsløyseprosenten for oktober (gjennomsnitt av september-november) justert opp frå 3,3 prosent til 3,4 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein sesongjusterer heile tidsserien på ny kvar månad.

Dei sesongjusterte arbeidsløysetala frå AKU var uendra mellom august og november. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 2 000 personar i same periode. Også dette talet er sesongjustert og basert på gjennomsnitt av tre månader.

Stabilt tal på sysselsette

Justert for sesongvariasjonar viser AKU at det var 6 000 fleire sysselsette i november enn i august. Auken er isolert sett innanfor feilmarginen, men i tråd med utviklinga gjennom 2013. Frå januar til november 2013 gjekk talet på sysselsette opp med 31 000. Dei sysselsette i november utgjorde 68,7 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år. Dette var ned 0,1 prosentpoeng frå august og uendra frå januar 2013.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA utgjorde dei arbeidslause 7,0 prosent av arbeidsstyrken i november, ned 0,3 prosentpoeng frå august. I EU15 gjekk arbeidsløysa også ned i denne perioden, frå 11,2 prosent i august til 11,1 prosent i november. I Frankrike var arbeidsløysa uendra på 10,8 prosent, medan ho i Tyskland gjekk ned frå 5,3 prosent i august til 5,2 prosent i november. I Danmark var arbeidsløysa på 6,9 prosent i november, ned 0,2 prosentpoeng frå august. I Sverige utgjorde dei arbeidslause 8,0 prosent av arbeidsstyrken i november, uendra frå august.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB