135548
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
135548
Arbeidsløyse på 3,3 prosent
statistikk
2013-12-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise tal, viser utviklinga i sysselsetjinga og arbeidsløysa på kort sikt. Arbeidsløysa var 3,3 prosent i oktober 2013.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløyse på 3,3 prosent

I oktober 2013 var det 90 000 arbeidslause, noko som svarte til 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Oktober 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar90 000-7 000
I prosent av arbeidsstyrken3,3-0,3
 
Sysselsette personar2 627 00013 000
I prosent av befolkninga68,90,1

Ifølgje sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk talet på arbeidslause ned med 7 000 og arbeidsløyseprosenten ned 0,3 prosentpoeng frå juli (gjennomsnitt av juni-august) til oktober (gjennomsnitt av september-november). Nedgangen er innanfor feilmarginen . Etter at AKU viste ein auke i slutten av 2012 har arbeidsløyseprosenten berre variert innanfor feilmarginen. I størsteparten av 2013 har arbeidsløyseprosenten lege rundt 3,5 prosent.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 3 000 frå juli til oktober. Også dette talet er sesongjustert og basert på eit gjennomsnitt av tre månader.

Fleire sysselsette

Justert for sesongvariasjonar viser AKU at det var 13 000 fleire sysselsette i oktober enn i juli. Auken er isolert sett innanfor feilmarginen, men i tråd med utviklinga i 2013. Frå januar til oktober 2013 gjekk talet på sysselsette opp med 35 000. Dei sysselsette i oktober utgjorde 68,9 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, dette var opp 0,1 prosentpoeng frå juli og opp 0,2 prosentpoeng frå januar.

Arbeidsløysa 11,2 prosent i EU15

I EU15 var arbeidsløysa på 11,2 prosent i oktober, uendra frå juli. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom landa i EU15. I oktober utgjorde dei arbeidslause 26,7 prosent av arbeidsstyrken i Spania, medan den i Tyskland var på 5,2 prosent. I oktober utgjorde dei arbeidslause 6,7 prosent av arbeidsstyrken i Danmark, ned 0,3 prosentpoeng frå juli. Arbeidsløysa i Sverige gjekk opp med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 7,9 prosent i oktober. I USA gjekk arbeidsløysa derimot ned i løpet av denne perioden, frå 7,4 prosent i juli til 7,3 prosent i oktober.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB