126971_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
126971
Fleire sysselsette
statistikk
2013-09-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedsvise tall, viser utviklingen i sysselsettingen og arbeidsløsheten på kort sikt. Arbeidsløsheten var 3,6 prosent i juli 2013.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sysselsette

Talet på sysselsette auka med 19 000 frå april til juli 2013. Dei arbeidslause utgjorde 3,6 prosent av arbeidsstyrken i juli.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juli 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar97 0003 000
I prosent av arbeidsstyrken3,60,1
 
Sysselsette personar2 615 00019 000
I prosent av befolkninga68,80,3

Ifølgje tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 19 000 fleire sysselsette i juli (gjennomsnitt av juni-august) enn i april (gjennomsnitt av mars-mai), justert for sesongvariasjonar. Auken kom blant kvinner og menn i alderen 25-74 år. I juli utgjorde dei sysselsette 68,8 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, opp 0,3 prosentpoeng frå april.

Stabil arbeidsløyse

Justert for sesongvariasjonar viser AKU 3 000 fleire arbeidslause personar i juli enn i april, ei endring som er innanfor feilmarginen . Dei 97 000 arbeidslause i juli utgjorde 3,6 prosent av arbeidsstyrken . Etter at AKU viste ein auke i arbeidsløysa i slutten av 2012, har endringane vore innanfor feilmarginen, og arbeidsløyseprosenten har stort sett vore mellom 3,4 og 3,6 prosent så langt i 2013. Arbeidsløyseprosenten for juni er sidan førre publisering justert opp frå 3,3 til 3,4 prosent.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 2 000 personar frå april til juli. Også desse tala er sesongjusterte og gjennomsnitt av tre månader.

Arbeidsløyse ned i Sverige og Danmark

I juli var arbeidsløysa på 7,8 prosent i Sverige og 6,7 prosent i Danmark, ned høvesvis 0,5 og 0,3 prosentpoeng frå april. I Tyskland gjekk arbeidsløysa ned frå 5,4 prosent i april til 5,3 prosent i juli. Utviklinga gjekk andre vegen i Frankrike. Der gjekk arbeidsløysa opp 0,2 prosentpoeng i same periode, til 11,0 prosent i juli. Når ein ser på EU15 under eitt, utgjorde dei arbeidslause 11,2 prosent av arbeidsstyrken i heile perioden april-juli. Arbeidsløysa i USA var på 7,4 prosent i juli, ned frå 7,5 prosent i april. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå EUs statistikkontor, Eurostat.