127086_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
127086
Arbeidsløysa 3,3 prosent
statistikk
2013-08-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,3 prosent

I juni var 90 000 personar arbeidslause, noko som svarar til 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juni 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar90 000-10 000
I prosent av arbeidsstyrken3,3-0,4
 
Sysselsette personar2 608 00013 000
I prosent av befolkninga68,80,1

Dei siste sesongjusterte tala for arbeidslause og sysselsette frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det framleis berre er små endringar på arbeidsmarknaden. Endringane i 2013 ligg innanfor feilmarginen som ein har i AKU.

Justert for sesongvariasjonar viser AKU 10 000 færre arbeidslause personar i juni (gjennomsnitt av mai-juli) enn i mars (gjennomsnitt av februar-april), ei endring som er innanfor feilmarginen. I same perioden gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 3 000 personar. Også desse tala er sesongjusterte og gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i talet på sysselsette

AKU viser at talet på sysselsette gjekk opp med 13 000 frå mars til juni. Også dette talet er innanfor feilmarginen, men det var ein signifikant auke i talet på sysselsette i alderen 25 og over. I juni utgjorde dei sysselsette 68,8 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, opp 0,1 prosentpoeng frå mars.

Uendra arbeidsløyse i USA og EU15

I USA var arbeidsløysa på 7,6 prosent i juni, uendra frå mars. I EU15 utgjorde dei arbeidslause 11,2 prosent av arbeidsstyrken i juni, også dette uendra frå mars. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom dei ulike landa i EU15. I juni var arbeidsløysa 26,3 prosent i Spania, 11,0 prosent i Frankrike og 5,4 prosent i Tyskland. I Sverige utgjorde dei arbeidslause 8,0 prosent av arbeidsstyrken i juni, ned 0,3 prosentpoeng frå mars. I Danmark gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng i same perioden, til 6,7 prosent i juni. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå EUs statistikkontor, Eurostat.