93332_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
93332
Arbeidsløysa 3,4 prosent
statistikk
2013-07-31T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,4 prosent

I mai 2013 utgjorde dei 93 000 arbeidslause 3,4 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mai 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar93 000-2 000
I prosent av arbeidsstyrken3,4-0,1
 
Sysselsette personar2 600 0001 000
I prosent av befolkninga68,6-0,2

Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) at det var 2 000 færre arbeidslause personar i mai (gjennomsnitt av april-juni) enn i februar (gjennomsnitt av januar-mars). Denne endringa er innanfor feilmarginen. Etter at AKU viste auke i arbeidsløysa fram til januar 2013, har endringane sidan vore innanfor feilmarginen.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 4 000 personar frå februar til mai. Også desse tala er sesongjusterte og gjennomsnitt av tre månader.

Nær uendra sysselsetting

Frå februar til mai gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 1 000 personar, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. I mai 2013 utgjorde dei sysselsette 68,6 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, ned 0,2 prosentpoeng frå februar. Frå sommaren 2012 har talet på sysselsette berre variert innanfor feilmarginen. Sidan befolkninga har auka i same periode, har sysselsettingsprosenten gått svakt ned.

Uendra arbeidsløyse i EU15

I EU15 utgjorde dei arbeidslause 11,2 prosent av arbeidsstyrken i mai, uendra frå februar. I Tyskland var arbeidsløysa 5,3 prosent i mai, ned 0,1 prosentpoeng frå februar. I Frankrike gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 10,9 prosent i mai. I både Sverige og Danmark gjekk arbeidsløysa ned med 0,3 prosentpoeng frå februar, til høvesvis 7,9 og 6,8 prosent i mai. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 7,6 prosent i mai. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå EUs statistikkontor, Eurostat.