93330
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
93330
Arbeidsløysa 3,5 prosent
statistikk
2013-06-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,5 prosent

I april 2013 var 95 000 personar arbeidslause, noko som utgjer 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
April 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar95 000-2 000
I prosent av arbeidsstyrken3,5-0,1
 
Sysselsette personar2 601 0009 000
I prosent av befolkninga68,70,0

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) at det var 2 000 færre arbeidslause personar i april (gjennomsnitt av mars-mai) enn i januar (gjennomsnitt av desember-februar). Denne endringa er innanfor feilmarginen. Etter at AKU viste auke i arbeidsløysa fram til januar 2013, har endringane sidan vore innanfor feilmarginen.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 2 000 personar frå januar til april. Også desse tala er sesongjusterte og gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i sysselsettinga

Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 9 000 personar frå januar til april, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. I april 2013 utgjorde dei sysselsette 68,7 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, uendra frå januar. Frå sommaren 2012 har talet på sysselsette berre variert innanfor feilmarginen. Sidan befolkninga har auka i same perioden, har sysselsettingsprosenten gått svakt ned.

Arbeidsløysa opp i EU15

I EU15 utgjorde dei arbeidslause 11,2 prosent av arbeidsstyrken i april, opp 0,1 prosentpoeng frå januar. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom landa i EU15. Medan arbeidsløysa i Tyskland var 5,4 prosent i april, utgjorde dei arbeidslause i Spania 26,8 prosent av arbeidsstyrken der. I Frankrike utgjorde dei arbeidslause 11,0 prosent av arbeidsstyrken i april. I USA gjekk arbeidsløysa ned til 7,5 prosent i april, frå 7,9 prosent i januar. I Sverige gjekk arbeidsløysa opp frå 8,0 prosent i januar til 8,3 prosent i april, medan ho i Danmark gjekk ned frå 7,3 prosent til 7,0 prosent i same perioden. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå statistikkontoret til EU, Eurostat.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB