93328_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
93328
Arbeidsløysa 3,7 prosent
statistikk
2013-05-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, mars 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,7 prosent

I mars 2013 var 100 000 personar arbeidslause, noko som utgjer 3,7 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mars 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar100 0004 000
I prosent av arbeidsstyrken3,70,1
 
Sysselsette personar2 595 0002 000
I prosent av befolkninga68,6-0,1

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) for mars (gjennomsnitt av februar-april) viser ei utvikling i tråd med trenden frå hausten 2012 med om lag uendra sysselsetting og ein svak auke i arbeidsløysa.

AKU viser at det var 4 000 fleire arbeidslause personar i mars 2013 enn i desember 2012 (gjennomsnitt av november-januar), justert for sesongvariasjonar. Denne endringa er innanfor feilmarginen. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar i den same perioden.

Arbeidsløyseprosenten frå førre publiseringa, altså februar (gjennomsnitt av januar-mars), vart justert opp frå 3,5 prosent til 3,6 prosent ved den nye køyringa av sesongjusterte tal.

Uendra sysselsetting

Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 2 000 personar frå desember 2012 til mars 2013, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. I mars 2013 utgjorde dei sysselsette 68,6 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA utgjorde dei arbeidslause 7,6 prosent av arbeidsstyrken i mars 2013, ned 0,2 prosentpoeng frå desember 2012. I EU15 gjekk arbeidsløysa derimot opp med 0,3 prosentpoeng i løpet av same perioden, til 11,2 prosent i mars 2013. Medan dei arbeidslause i Tyskland utgjorde 5,4 prosent av arbeidsstyrken i både desember og mars, auka arbeidsløysa med 0,4 prosentpoeng i Frankrike, til 11,0 prosent. I Sverige gjekk arbeidsløysa også opp med 0,4 prosentpoeng frå desember til mars, til 8,4 prosent. I Danmark var arbeidsløysa på 7,2 prosent i mars, ned 0,2 prosentpoeng frå desember. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå statistikkontoret til EU, Eurostat.