92244_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
92244
Uendra arbeidsløyse
statistikk
2013-04-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, februar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra arbeidsløyse

I februar 2013 utgjorde dei arbeidslause 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er uendra frå november 2012.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Februar 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar95 0000
I prosent av arbeidsstyrken3,50,0
 
Sysselsette personar2 599 0007 000
I prosent av befolkninga68,80,0

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 95 000 arbeidslause personar i februar 2013 (gjennomsnitt for perioden januar-mars), justert for sesongvariasjonar. Dette er om lag det same som i november 2012 (gjennomsnitt av oktober-desember).

Stabil sysselsetting

Dei sesongjusterte tala frå AKU viser at sysselsettinga gjekk opp med 7 000 personar frå november 2012 til februar 2013, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. Sidan juni 2012 har talet på sysselsette berre vist variasjonar som er innanfor feilmarginen. Dette representerer eit brot med ein om lag to år lang auke i talet på sysselsette før den tida. Dei sysselsette i prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år var 68,8 prosent i februar, uendra frå november.

Framleis auke i arbeidsløysa i EU15-området

I EU15 gjekk arbeidsløysa opp frå 10,9 prosent i november til 11,1 prosent i februar. Medan dei arbeidslause i Tyskland utgjorde 5,4 prosent av arbeidsstyrken i både november og februar, auka arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng, til 10,8 prosent, i Frankrike. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i løpet av same perioden, til 7,7 prosent i februar. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp frå 7,3 prosent i november til 7,4 prosent i februar. Derimot gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng til 8,2 prosent i Sverige i same perioden. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå statistikkontoret i EU, Eurostat.