253408
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
253408
Svak oppgang i talet på ledige stillingar
statistikk
2017-02-16T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Ledige stillingar4. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Svak oppgang i talet på ledige stillingar

Talet på ledige stillingar auka med 3,6 prosent frå 4. kvartal 2015 til 4. kvartal 2016. For første gang sidan 2012 ser vi ein oppgang innan olje- og gassnæringa, riktig nok frå eit særs lågt nivå.

Ledige stillingar
4. kvartal 2016Endring frå året før
Ledige stillingar49 0001 700
Prosent ledige stillingar1,70,1

I 4. kvartal 2016 var det 49 000 ledige stillingar. Det er 1 700 fleire enn for same kvartal året før. Prosentdelen ledige stillingar var på 1,7 prosent, mot 1,6 prosent førre året.

For bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, var det ein kraftig auke frå året før. I denne næringa var det 600 ledige stillingar i 4. kvartal 2016, mot 200 same kvartal i 2015. Samanlikna med 4. kvartal for årene 2010-2013 var talet for 2015 særs lågt. Til dømes var talet på ledige stillingar på heile 2 200 i 4. kvartal 2011.

Oppgang i bygg og anlegg

Byggje- og anleggsverksemd hadde ein oppgang på 65 prosent frå 4. kvartal 2015 til same kvartal i 2016. Her var det 3 800 ledige stillingar, mot 2 300 året før. Innan informasjon og kommunikasjon var det ei auke på 50 prosent i same tidsrom. Her var det 3 000 ledige stillingar, som svarar til 3,3 prosent av alle stillingar innan denne næringa.

Talet på ledige stillingar innan industri haldt seg om lag stabilt for 4. kvartal i åra 2015 og 2016, høvesvis 1 700 og 1 600 ledige stillingar. Til samanlikning hadde denne næringa mellom 3 000 og 4 000 ledige stillingar i 4. kvartal i åra 2010-2013. I 4. kvartal 2016 var industri også den næringa som hadde lågast prosentdel ledige stillingar. Berre 0,7 prosent av alle stillingar innan næringa var ledige. På topp finn vi forretningsmessig tenesteyting, der 3,4 prosent av stillingane var ledige.

Nedgang innan varehandel

Størst nedgang frå 4. kvartal 2015 til same kvartal 2016 finn vi i varehandel, med ein nedgang på 26 prosent. For denne næringa var det no 4 000 ledige stillingar, mot 5 400 i 2015.

Liten auke i talet på ledige stillingar i EU

EU hadde 1,8 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2016, opp 0,2 prosentpoeng frå same kvartalet året før. Både Noreg og Sverige hadde 1,8 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2016. Prosentdelen for Noreg var altså den same som for EU, men utviklinga i perioden 3. kvartal 2014 til 3. kvartal 2016 peikar i ulik retning. Prosentdelen ledige stillingar gjekk i denne perioden ned i Noreg, medan han auka i EU. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 3. kvartal 2016 sidan tal for 4. kvartal 2016 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EU/EØS-området. Imellom anna Polen, Portugal og Spania var prosentdelen ledige stillingar lågare enn 1,0, medan han var godt over 2,0 i Tyskland og Storbritannia.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB