Sesongjusterte tal over ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar varierer i løpet av året, og for fleire næringar gjentar eit sesongmønster seg kvart år. Statistikken over ledige stillingar er no justert for dette sesongmønsteret, noko som gjer det mogleg å følgje den underliggjande utviklinga frå kvartal til kvartal.

Statistikken over ledige stillingar baserer seg både på ei kvartalsvis utvalsundersøking til verksemder og på arbeidsforhold innrapportert til A-ordninga. Undersøkinga starta 1. kvartal 2010, og tala for det første året vart publiserte i starten av 2011. Talet på ledige stillingar og prosentdelen ledige stillingar vert publisert kvart kvartal for totalen og delt inn i 20 næringsgrupper.

For å kunne seie noko om utviklinga i det samla talet på ledige stillingar og i dei ulike næringane, har vi fram til no berre sett på endringar frå same kvartalet året før. Dette kjem av at fleire av næringane har sesongvariasjonar. Seriane er no sesongjusterte, det vil seie at effektane av systematisk sesong er tekne bort. Med ein sesongjustert serie som utgangspunkt kan vi sjå på endring frå førre kvartalet, og kan dermed følgje utviklinga òg på kort sikt. I tillegg til sesongjusterte tal vert òg trenden gjeve. Denne er meir glatta enn den sesongjusterte serien, og gjev den langsiktige utviklinga for serien. Trend og sesongjusterte tal er tilgjengelege i tabell 11587 i statistikkbanken.

Sesongjustering av totalen

Serien for totaltalet på ledige stillingar har eit heilt tydeleg sesongmønster (sjå den grøne lina i figur 1). Vi ser at det for kvart av dei sju åra har vore flest ledige stillingar for 2. kvartal, og færrast for 4. kvartal. Når effektane av sesong er fjerna, var det til dømes i 2016 flest ledige stillingar for 3. kvartal, og færrast for 2. kvartal. Reelt sett var det flest ledige stillingar for 2. kvartal, men sesongjusteringa gjev oss eit verkty som set oss i stand til å sjå at dersom det ikkje hadde vore sesongvariasjonar, ville det ha vore flest ledige stillingar for 3. kvartal for det året (sjå den gule grafen som visar den sesongjusterte serien).

Figur 1. Ledige stillingar
Figur 1. Ledige stillingar
1. kv.2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2. kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017
Ikkje-justert 60500 67900 63900 55800 68900 78500 68000 62200 69200 72000 60900 57800 67600 74300 59100 50900 61800 64800 54100 53700 60400 62800 49500 45000 55300 56200 52300 48700 58300
Trend 58900 61200 63000 64000 66500 69400 70100 69100 67300 64700 64100 65200 66100 65700 62200 58400 57800 57900 57700 57900 56600 54500 52600 50900 50500 52100 53900 55000 55300
Sesongjustert 58500 60900 66000 63400 66100 70900 70400 70200 66100 64600 63600 66100 64500 67100 61600 57800 58700 58900 56800 59900 57500 56300 52200 50300 52700 51300 54800 54300 55400

Dei sesongjusterte tala svingar seg om trenden, den lilla lina i figur 1. Ser vi heile serien under eitt, er hovudbiletet for trenden at han var minkande frå 3. kvartal 2011 og fram til 1. kvartal 2016, rett nok med korte periodar med oppgang. Frå 1. kvartal 2016 ser vi ein aukande trend. Ser vi på dei nyaste tala, var det for 1. kvartal 2017 58 300 ledige stillingar. Det sesongjusterte talet for dette kvartalet er 55 400. Vi må attende til 2. kvartal 2015 for å finne eit høgare sesongjustert tal.

Om metode

Næringar med tydelege sesongvariasjonar

Dersom vi ser på kvar av dei 20 næringsgruppene for seg, er det i undervising at vi finn det tydelegaste eksempelet på sesongvariasjon. I figur 2 ser vi tydelege toppar for 2. kvartal kvart år for den ikkje-justerte serien (grøn line), og botnar for 3. og 4. kvartal. Det er naturleg å finne eit slikt sesongmønster i denne næringa, med di undervisningsinstitusjonane heller søkjer nye lærarar føreåt eit nytt skuleår, enn midt i undervisingsåret. Trenden har heldt seg tilnærma konstant frå byrjinga av perioden, og ser no ut til å vere inne i ein svak vekstfase.

Figur 2. Ledige stillingar i undervisning
Figur 2. Ledige stillingar i undervisning
1. kv.2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2. kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017
Ikkje-justert 3400 6000 2300 2700 2700 5100 2600 2200 4100 6900 2500 2400 3800 6000 2200 2500 2900 5800 2800 2300 3700 7800 2500 2400 3500 5200 2000 2900 4900
Trend 3500 3600 3600 3400 3200 3100 3300 3700 3900 4000 3900 3700 3600 3600 3500 3400 3400 3400 3400 3600 3900 4200 4100 3700 3300 3200 3500 4100 4400
Sesongjustert 3500 3500 3500 3900 2800 3000 4000 3200 4200 4000 3900 3500 3800 3600 3400 3700 2900 3500 4400 3400 3700 4700 4000 3600 3500 3100 3200 4300 4800

Utanom undervising, finn vi tydelege sesongvariasjonar særleg i næringane industri, transport og lagring, samt overnattings- og serveringsverksemd. For næringa overnattings- og serveringsverksemd er det for kvart år færrast ledige stillingar for 4. kvartal, medan det er flest ledige stillingar for 2. eller 3. kvartal. Det høge talet på ledige stillingar på våren kan skrive seg frå høgare aktivitet i delar av næringa i sumarhalvåret og at det dermed er auka bruk for arbeidskraft, medan til dømes høgfjellshotell, som har høgsesong på vinteren, gjerne lyser ut stillingar på seinsumaren og tidleg haust.

Næringar utan systematiske sesongvariasjonar

I nokre næringar finn vi ingen systematiske sesongvariasjonar. Dette kan jamvel endre seg på sikt, når nye observasjonar kjem til. Variasjonane for desse seriane er per no meir tilfellelege. Det er fire næringsgrupper som ikkje er sesongjusterte. Dette gjeld helsetenester, omsetting og drift av fast eigedom, næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, og dessutan kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar. Sistnemnde skulle ein tru innehaldt ein systematisk sesongvariasjon, om ein til dømes tenkjer på fritidsparkar som berre er opne om sumaren. Vi finn jamvel ikkje nokon systematisk sesongeffekt, for næringsgruppa inneheld eit breiare spekter av verksemder. Dei sesongjusterte tala som vert utgjevne for desse næringane er identiske med dei ikkje-justerte tala.

Sesongjusterte tal for prosentdelen ledige stillingar

 

 

 

Kontakt