283651
283651
Nedgang i arbeidsløysa
statistikk
2017-03-22T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2017

For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt. Derfor samanliknar ikkje SSB dei siste tala med førre publisering. Føremålet med sesongjustering er å beskrive utviklinga gjennom året utan systematiske sesongsvingingar.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Nedgang i arbeidsløysa

Frå oktober 2016 til januar 2017 gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,6 prosentpoeng, til 4,2 prosent. Nedgangen kom i hovudsak blant personar over 24 år.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Januar 2017Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar115 000-17 000
I prosent av arbeidsstyrken4,2-0,6
 
Sysselsette personar2 640 000-11 000
I prosent av befolkninga66,8-0,4

Frå oktober (gjennomsnitt september–november) 2016 til januar (gjennomsnitt av desember–februar) 2017 gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,6 prosentpoeng, eller 17 000 personar. Nedgangen kom i hovudsak blant personar over 24 år og var sterkast blant menn. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 personar i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Små endringar i sysselsettinga

Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 11 000 personar frå oktober 2016 til januar 2017. Denne nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU. I denne perioden auka befolkninga i alderen 15-74 år og sysselsettingsprosenten gjekk ned med 0,4 prosentpoeng, til 66,8 prosent i januar.

Frå oktober til januar viser altså sesongjustert AKU at både talet på arbeidsledige og talet på sysselsette gjekk ned. Dette inneber at talet på dei som står utanfor arbeidsstyrken, gjekk opp. Personar som står utanfor arbeidsstyrken, kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gitt opp å søke arbeid, og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.

Arbeidsstyrken blir målt i prosent av befolkninga. Vi sesongjusterer AKU-tala berre for to aldersgrupper: 15-24 år og 25 år og over. Blant dei under 25 år var talet på personar i befolkninga om lag uendra frå oktober til januar, medan talet på personar i arbeidsstyrken gjekk ned, hovudsakeleg i form av færre sysselsette. Det er eit anna bilete for dei i alderen 25 år og over. I denne gruppa auka befolkninga samstundes med at talet på personar i arbeidsstyrken gjekk noko ned, i form av færre arbeidslause.

Arbeidsløysa ned i EU

I EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng frå oktober 2016 til januar 2017, til 8,1 prosent. I denne perioden låg arbeidsløysa uendra i Frankrike på 10,0 prosent, men gjekk ned frå 4,0 til 3,8 prosent i Tyskland. I januar var den sesongjusterte arbeidsløysa i Sverige på 6,8 prosent og i Danmark på 6,2 prosent. Dette var ned høvesvis 0,1 og 0,3 prosentpoeng frå oktober.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB