246918
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/kvartal
246918
Meir kortsiktig gjeld til utlandet
statistikk
2016-09-07T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken viser norske ikke-finansielle foretaks eiendeler og gjeld i utlandet. Kortsiktig gjeld til utlandet øker.

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir kortsiktig gjeld til utlandet

Norske ikkje-finansielle føretak får stadig meir kortsiktig gjeld til utlandet. Ved utgangen av 2. kvartal 2016 var den kortsiktige gjelda på 467 milliardar kroner.

Eigedelar og gjeld overfor utlandet. Millionar kroner. Førebelse tal
2. kvartal 2016Endring i prosent
1. kvartal 2016 - 2. kvartal 20162. kvartal 2015 - 2. kvartal 2016
Eigedelar i alt1 554 7971,5-3,9
Anleggsmiddel1 128 574-2,07,5
Omløpsmiddel426 22312,2-25,0
Gjeld i alt1 483 1161,80,8
Langsiktig gjeld1 016 099-0,60,9
Kortsiktig gjeld467 0177,60,6
Figur 1. Gjeld til utlandet. Millionar kroner¹

Den langsiktige gjelda har gått litt ned samanlikna med 1. kvartal 2016, men var framleis over 1 000 milliardar kroner. Sett i høve til tilsvarande periode i 2015, var den totale gjelda i 2. kvartal 2016 11 milliardar høgare, ei auke på 0,8 prosent.

Verdien på dei totale eigedelane norske ikkje-finansielle føretak har i utlandet auka med 23 milliardar kroner frå 1. kvartal til 2. kvartal 2016. Også her er det dei kortsiktige eigedelane, omløpsmidla, som aukar, medan verdien på dei langsiktige eigedelane, anleggsmidla, er litt lågare enn føregåande kvartal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB