Gjelda til utlandet redusert med ein tiandepart

Publisert:

I 2017 utgjorde gjelda ikkje-finansielle føretak hadde til utlandet 1 340 milliardar kroner. Det er 10 prosent mindre enn i 2016.

Rekneskapa til ikkje-finansielle føretak si utanlandsfinansiering viser at dei norske føretaka hadde ei gjeld til Europa til ein verdi av 906 milliardar kroner. Dette betyr at nær to tredelar av gjelda var til føretak i europeiske land. Dei største gjeldsbehaldningane i Europa låg i Belgia, Storbritannia og Sverige.

I 2017 var USA det landet norske ikkje-finansielle føretak hadde mest gjeld i; der hadde gjelda ein verdi på 258 milliardar kroner.

Gjelda held fram å gå ned

Som i 2016 har gjelda til utlandet halde fram å gå ned i 2017. Reduksjonen i gjelda teken opp av ikkje-finansielle føretak er størst til USA, Tyskland og Frankrike.

Gjelda til føretak innanfor same konsern har blitt redusert med om lag 4 prosent samanlikna med 2016. Som i 2016 er framleis om lag halvparten av den totale gjelda til utlandet til føretak innanfor same konsern.

1 Tala for 2017 er førebelse.

Figur 1. Gjeld overfor utlandet

I alt Langsiktig gjeld Kortsiktig gjeld
2010 1143614 715375 428239
2011 1149033 745824 403209
2012 1255275 795003 460272
2013 1316237 925900 390337
2014 1506180 990299 515881
2015 1592579 1128733 463846
2016 1491342 1071921 419420
2017* 1340287 957055 383233

Kontakt