236536_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/aar
236536
Norske eigedelar i utlandet fortsatt opp
statistikk
2015-10-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Rekneskapsstatistikk, ikkje-finansielle føretak si utanlandsfinansiering viser norske føretak sine eigedelar og gjeld i utlandet.

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Norske eigedelar i utlandet fortsatt opp

Norske føretak sine totale eigedelar i utlandet auka med 6,6 prosent frå 2013 til 2014. Verdien på dei totale eigedelane var ved utgangen av 2014 nær 1 700 milliardar kroner.

Eigedelar og gjeld overfor utlandet (mill. kr)12
Mill. krProsent
20142013 - 20142011 - 2014
1Frå og med regnskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan påverke samanlikninga med tidlegare periodar.
2Tala er førebelse.
Eigedelar i alt1 678 6666,67,7
Anleggsmidlar1 179 4801,46,6
Omløpsmidlar499 18521,510,4
 
Gjeld i alt1 447 90910,026,0
Langsiktig gjeld982 2516,131,7
Kortsiktig gjeld465 65819,215,4
Figur 1. Eigedelar overfor utlandet

Det var omløpsmiddel i utlandet som auka sterkast med ei vekst på 22 prosent, og av dette bidrog fordringar mest til den totale veksten. Anleggsmidlane auka med 16 milliardar, som er om lag 1 prosent.

Stor auke i eigedelar i Europa

I Europa auka dei totale eigedelane med 9 prosent, eller om lag 94 milliardar kroner. Den største andelen av norske føretak sine eigedelar låg i Belgia, Nederland og Sverige.

I verdsdelane Asia, Oseania og Sør-Amerika gjekk også verdien på totale eigedaler opp, medan Nord- og Mellom-Amerika og Afrika hadde ei nedgang i verdiane.

Gjelda overfor utlandet aukar

Den totale gjelda til utlandet auka med 10 prosent frå 2013, og var ved utgangen av 2014 på 1 447 milliardar kroner. Det er den kortsiktige gjelda som aukar mest.

Ny institusjonell sektorgruppering verkar inn på samanlikninganeÅpne og lesLukk

Frå og med rekneskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan verke inn når ein skal samanlikne med tidlegare periodar.