91729_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
91729
Framleis færre konkursar
statistikk
2013-01-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis færre konkursar

Det vart registrert færre konkursar i 2012 enn året før. Også tala for 4. kvartal 2012 viser ein nedgang frå same periode i 2011.

Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal. 4. kvartal 2002-4. kvartal 2012

Totalt vart det opna 3 814 konkursar i fjor. Det er 12,4 prosent, eller 541 færre konkursar enn i 2011. Den største nedgangen i prosentvise tal finn vi i Hedmark, med 37 prosent færre konkursar. I Akershus var nedgangen i absolutte tal størst, med 135 færre konkursar.

Sju av ti konkursar, i alt 2 763, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak. Det var 13 prosent færre føretakskonkursar i fjor enn i 2011. Snautt kvart tredje føretak var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner, med totalt 761 konkursopningar.

Dei resterande 1 051 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her gjekk talet ned med 11 prosent. Eit av tre einskildpersonføretak som gjekk konkurs i 2012, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

I 4. kvartal i fjor vart det vart opna 999 konkursar. Det er 7,8 prosent færre enn i den same perioden året før.

Månadlege tal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken .

 

Månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, er tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken .

Tabeller: