84635_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
84635
Nedgangen i talet på konkursar held fram
statistikk
2012-07-20T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i talet på konkursar held fram

Det vart opna 900 konkursar i 2. kvartal i år. Dette er ein nedgang på 22 prosent samanlikna med 2. kvartal i fjor.

Konkursar, etter type konkurs og kvartal. 2. kvartal 2002-2. kvartal 2012

I den same perioden var det Telemark og Hedmark som hadde den største prosentvise nedgangen med høvesvis 54 og 51 prosent færre konkursar. Oslo er fylket med størst nedgang i absolutte tal, med 78 færre konkursar. I Møre og Romsdal gjekk talet mest opp med 71 prosent, eller 22 fleire konkursar, frå 2. kvartal 2011 til 2. kvartal 2012.

661 av konkursane var føretakskonkursar, unnateke einskildpersonføretak. 28 prosent av dessa var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 239 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar. Nesten ein av tre av dessa konkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk ned med 33 prosent frå 2. kvartal i fjor til 2. kvartal i år.

Det har vorte opna 1 975 konkursar hittil i år. Dette er 15 prosent færre enn i den same perioden i 2011.

Månadlege tal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken .

Månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, er tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken .

Tabeller: