5600_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5600
Stadig færre konkursar
statistikk
2011-01-21T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre konkursar

Det vart registrert færre konkursar i 2010 enn året før. Også tala for 4. kvartal 2010 viser ein nedgang frå same periode i 2009.

Konkursar, etter konkurstype og kvartal. 1. kvartal 2000-4. kvartal 2010

Det var totalt 4 435 konkursar i 2010, som er 11,5 prosent færre enn i 2009. Den største nedgangen, i både prosentvise og absolutte tal, finn vi i Sør-Trøndelag. Her var det 35 prosent, det vil seie 104, færre konkursar.

Det vart opna 1 035 konkursar i 4. kvartal 2010, som er 12,5 prosent færre enn i den same perioden året før.

Færre føretakskonkursar

Sju av ti konkursar, i alt 3 161, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak. Det var 17 prosent færre føretakskonkursar i fjor enn i 2009. Størst nedgang i absolutte tal finn vi innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner med i alt 233 færre konkursopningar. Like etter kjem bygg og anlegg med 113 færre konkursar.

Dei resterande 1 274 konkursar gjaldt einskildpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar. Her gjekk talet opp med 6 prosent, eller 74 fleire konkursar enn i året før. Ein av tre som gjekk konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Totalt var det likevel 7 prosent færre konkursar i denne næringa i fjor enn i 2009.

Månadstal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken .

No er òg månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar fordelte på næring og fylke tilgjengelege i Statistikkbanktabellen 08551 .

Tabeller: