5516_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5516
Nedgangen i talet på konkursar held fram
statistikk
2010-10-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar3. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i talet på konkursar held fram

I 3. kvartal i år vart det opna 949 konkursar som er ein nedgang på 8 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.

Den største prosentvise nedgangen i konkursane finn vi i Buskerud og Hedmark som hadde ein reduksjon på høvesvis 38 og 32 prosent. Buskerud, med 22 færre konkursar, er òg det fylket som hadde den største nedgangen i absolutte tal, følgt av Oslo med ein nedgang på 21.

Hittil i år har det blitt opna 3 400 konkursar. Dette er 11 prosent færre enn i den same perioden i fjor.

Konkursar, etter type konkurs og kvartal. 1. kvartal 2000-3. kvartal 2010

Flest innanfor varehandel samt byggje- og anleggsverksemd

Tre av fire konkursar - i alt 702 - var såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. 200 av dei, nesten ein av tre konkursar, var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dette er 15 prosent færre enn i 3. kvartal i fjor.

247 av konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Ein av tre som gjekk konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Totalt var det likevel 7 prosent færre konkursar i denne næringa i år enn i det same kvartalet i 2009.

Færre konkursar blant norskregistrerte utanlandske føretak

9 prosent av konkursane i 3. kvartal var norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). Dette tilsvarer ein nedgang på 16,5 prosent samanlikna med det same kvartalet i fjor.

Månadstal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken .

Tabeller: