5534_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5534
Fleire går konkurs
statistikk
2008-07-25T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire går konkurs

Etter ein jamn nedgang dei siste åra gjekk talet på konkursar opp i andre kvartal i år. I alt vart det opna 875 konkursar, 26,6 prosent fleire enn i same kvartal i fjor.

Den største prosentvise auken finn vi i Vest-Agder med 400 prosent fleire konkursar, følgt av Aust-Agder med 162,5 prosent og Oppland med 150 prosent. Troms, Finnmark og Akershus er dei einaste fylka der talet på konkursar gjekk ned. Nedgangen var på høvesvis 50, 33 og 19,6 prosent.

Ni av ti føretak som gjekk konkurs i andre kvartal, er aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg inkluderer personlege konkursar). Dette tilsvarar delen av føretak med desse organisasjonsforma i bestanden. Talet på aksjeselskap som gjekk konkurs, gjekk opp med 38,6 prosent, medan det var 10 prosent fleire konkursar innanfor enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) sto for 7,2 prosent av alle konkursane i siste kvartal , medan dei berre utgjer 1,9 prosent av føretaka..

Flest føretakskonkursar innanfor varehandel

589 av de 875 konkursane er såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Ein tredel av dei er innanfor varehandel, reparasjon av kjøretøy og reparasjon av hushaldsapparat, medan 21 prosent er registrert innanfor eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleige. Innanfor sistnemnte næring var det ein auke i konkursar på 72 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor.

Dei resterande 286 konkursane omfattar enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Kvar tredje av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Kvinner går sjeldnare konkurs

Berre 8 prosent av innehavarane i enkeltpersonføretak som gjekk konkurs i 2007, var kvinner, medan totalt eit av fire enkeltpersonføretak er drivne av kvinner.

13 prosent av eigarane i enkeltpersonføretak og 3,5 prosent av eigarane i aksjeselskap som gjekk konkurs i perioden, var personar med ikkje-vestleg bakgrunn. I alt er 6 prosent av eigarane i enkeltpersonføretak og 2 prosent av eigarane i aksjeselskap personar med ikkje-vestlig bakgrunn.

Hittil i år er det totalt 1 628 konkursar, 3,6 prosent fleire samanlikna med den same perioden i 2007.

Tabeller: