5542_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5542
Uendra tal på konkursar
statistikk
2007-08-02T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra tal på konkursar

Talet på konkursar i andre kvartal i år ligg på same nivå som i den tilsvarande perioden i fjor. Dei fleste konkursane er registrerte i Oslo og Akershus, som også er fylka med flest føretak.

Totalt vart det opna 691 konkursar i andre kvartal i år. Aksjeselskap (AS) og enkeltpersonføretak (ENK) står for 90 prosent av konkursane. Dette er òg dei to vanlegaste organisasjonsformene i norsk næringsliv med ni av ti føretak. I forhold til andre kvartal i fjor steig talet på norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) som gjekk konkurs, frå 23 til 56 og utgjorde i siste kvartal 8 prosent av konkursane. Ei forklaring på den store auken kan vere den sterke veksten i talet på nye føretak med denne organisasjonsforma.

432 av konkursane er såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Eit av tre vart etablert i 2000 eller før, mens nesten 10 prosent vart stifta i fjor. Nær 40 prosent av føretakskonkursane er innanfor varehandel.

Dei resterande 259 konkursane omfattar både enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Ein tredjedel av dei finn ein innanfor bygg og anlegg.

Låg del kvinner i enkeltpersonføretak

Berre ein av ti innehavarar i enkeltpersonføretak som gjekk konkurs i 2006, var kvinner, mens totalt eit av fire enkeltpersonføretak er drivne av kvinner. Delen eigarar i ansvarlege selskap, selskap med delt ansvar og aksjeselskap var på om lag 25 prosent som tilsvarar delen av kvinnelege eigarar i bestanden.

10 prosent av enkeltpersonføretaka som gjekk konkurs i perioden var eigde av personar med ikkje-vestleg bakgrunn. Den same delen i aksjeselskap var 4 prosent.

Tabeller: