5548_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5548
Konkursnedgangen flatar ut
statistikk
2006-10-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar3. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konkursnedgangen flatar ut

Talet på konkursar går framleis ned, men noko svakare enn dei førre kvartala. I tredje kvartal i år vart det opna 8 prosent færre konkursar enn i same periode i fjor.

Totalt er 710 konkursar registrerte i tredje kvartal. Talet er høgast i Oslo og Akershus med høvesvis 145 og 100 konkursar. Dette er 35 prosent av alle konkursane i landet, men nesten ein tredjedel av alle norske føretak er også lokalisert her. Samanlikna med tredje kvartal i fjor har talet på konkursar i Akershus gått opp med 30 prosent, medan det i Oslo har gått ned med 11 prosent.

Flest konkursar innanfor varehandel ...

479 av de 710 konkursane er såkalla føretakskonkursar (gjeld alle føretak unnateke enkeltpersonføretak). Ni av ti føretak (eksklusive enkeltpersonføretak) som går konkurs, er organisert som aksjeselskap (AS).

Ein tredjedel av føretakskonkursane finn vi innanfor varehandel. Konkursar innanfor butikkhandel med klede utgjer 16 prosent av konkursane innanfor denne næringa. Samanlikna med same periode i fjor gjekk likevel det totale talet på konkursar innanfor varehandel ned med 15 prosent.

Kvart tredje føretak som gjekk konkurs i tredje kvartal, vart etablert i 2000 eller før, medan 15 prosent av føretaka vart stifta i fjor eller i år.

... og bygg og anlegg

Det har vore 231 konkursar av enkeltpersonføretak (som også inkluderar personlege konkursar) i tredje kvartal, og 35 prosent av dei finn vi i byggje- og anleggsbransjen. Samanlikna med tredje kvartal i fjor gjekk talet på konkursar i denne næringa opp med 5 prosent.

Igjen færre konkursar i informasjonssektoren

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) (det vil seie verksemder innanfor industri, varehandel og konsulenttenester knytte til IKT) og innhaldssektoren (mellom anna forlag, radio og fjernsyn), utgjer til saman informasjonssektoren. Nok ein gong har talet på konkursar innanfor desse næringene gått ned. I tredje kvartal 2005 var det 52 konkursar, medan det no, eitt år seinare, har vore 44 konkursar. Dette er ein nedgang på 15 prosent. Halvparten av konkursane gjeld føretak som dreiv med konsulenttenester knytte til IKT. Talet på personar som var sysselsette i IKT-føretaka som gjekk konkurs, auka derimot frå 70 i tredje kvartal 2005 til 75 i same periode i år.

Tabeller: