5550_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5550
Stadig færre går konkurs
statistikk
2006-07-28T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre går konkurs

Talet på konkursar går framleis ned. I andre kvartal 2006 vart det opna 32 prosent færre konkursar enn i same periode i fjor.

Totalt vart det registrert 689 konkursar i andre kvartal. Talet er høgast i Oslo og Akershus, der vi også finner dei fleste føretaka. Totalt vart ein av tre konkursar opna i desse to fylka. Dette er likevel halvparten så mange som vart registrert i same kvartal i fjor. Størst prosentvis nedgang finner vi i Sogn og Fjordane med 57 prosent færre konkursar.

Av dei 689 konkursane var 451 føretakskonkursar (alle føretak unnateke enkeltpersonføretak), medan dei andre 238 konkursane omfatta enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Nesten 40 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel, følgt av 15 prosent innanfor eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting. Eitt av tre enkeltpersonføretak som gjekk konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Medan talet på konkursar går ned, aukar det totale talet på føretak.

41 prosent av føretaka (unnateke enkeltpersonføretak) vart etablert i 2000 eller før. 12 prosent av føretaka gjekk konkurs innan halvanna år etter at dei vart stifta.

Sterk nedgang også i informasjonssektoren

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) (verksemder innanfor industri, varehandel og konsulenttenester knytte til IKT) og innhaldssektoren (mellom anna forlag, radio og fjernsyn), utgjer til saman informasjonssektoren. I desse næringane er talet på konkursar samanlikna med andre kvartal i fjor nesten halvert. Totalt var det 33 konkursar, og av desse var 21 innanfor IKT-sektoren.

Ni av ti er menn

Rundt 75 prosent av alle enkeltpersonføretak vert ått av menn, medan 90 prosent av enkeltpersonføretaka som gjekk konkurs i andre kvartal hadde mannleg innehavar. Av dei 214 føretaka drivne av menn som gjekk konkurs, var eitt av tre eit føretak innanfor byggje- og anleggsbransjen. Halvparten av dei 24 enkeltpersonføretaka med kvinnelege innehavarar som gjekk konkurs, var etablert innanfor varehandel eller eigedomsdrift.

Mann, norsk og mellom 25 og 44 år

I 2005 gjekk 1 382 personar konkurs (anten som innehavarar i enkeltpersonføretak eller i personlege konkursar). 91 prosent av dei var menn og over halvparten av dei var mellom 25 og 44 år. Også dei fleste kvinnene var i denne aldersgruppa.

82 prosent av dei 1 382 personane var etnisk norske, medan 8 prosent var frå andre vestlege land enn Noreg og 10 prosent frå ikkje-vestlege land. Ni av ti personar med utanlandsk bakgrunn var førstegenerasjonsinnvandrarar. Totalt var 9 prosent av alle enkeltpersonføretaka ått av personar med utanlandsk bakgrunn. 4 prosent av dei hadde bakgrunn frå vestlege land og 5 prosent frå ikkje-vestlege land.

Dei fleste blant dei 1 382 personane som gjekk konkurs i fjor, hadde vidaregåande skule som høgaste fullførte utdanning. Dette gjaldt for 62 prosent av kvinnene og 61 prosent av mennene. Totalt hadde også nesten 60 prosent av innehavarane i alle enkeltpersonføretak vidaregåande skule som høgaste utdanning.

Tabeller: