5552_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5552
Stadig færre konkursar
statistikk
2006-04-28T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar1. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre konkursar

Det vart opna 23 prosent færre konkursar i 1. kvartal i år enn same periode året før. Konkursnedgangen kjem innanfor dei fleste næringar. Dei siste to åra har det vore ein stadig nedgang i talet på konkursar.

I 1. kvartal i år vart det registrert 845 konkursar, 23 prosent færre enn same periode i 2005. 505 av konkursane, eller 60 prosent, var føretakskonkursar, eksklusive enkeltpersonføretak. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel.

Næringane eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleige, og hotell- og restaurantverksemd er tradisjonelt næringar med mange konkursar. Talet på føretakskonkursar innanfor desse næringane har gått ned med høvesvis 40 og 37,3 prosent frå same periode i fjor.

Også innanfor informasjonssektoren var det totalt sett færre konkursar i 1. kvartal. Medan det i 1. kvartal 2005 i alt var 70 konkursar, låg talet i same periode i år på 58.

40 prosent av føretaka som gjekk konkurs, vart etablerte i 2000 eller tidlegare, medan det var 34 føretak, det vil seie rundt 7 prosent, som ikkje vart stifta før i 2005.

340 av konkursane i årets tre første månader gjeld enkeltpersonføretak, inklusive personlege konkursar. 28 prosent av enkeltpersonføretaka som vart slått konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsbransjen. Om lag 17 prosent av alle enkeltpersonføretak er innanfor byggje- og anleggsverksemd. Nedgangen i talet på konkursar innanfor jord- og skogbruk og transport og kommunikasjon er på over 40 prosent.

Få kvinner bak konkursar av enkeltpersonføretak

Kvinner stod bak 10 prosent av dei 340 konkursane av enkeltpersonføretak. Talet omfattar også personlege konkursar. Men dei fleste enkeltpersonføretaka, rundt 75 prosent, har ein mannleg innehavar, og desse stod bak ni av ti konkursar.

30 prosent av dei mannlege innehavarane som vart slått konkurs åtte eit enkeltpersonføretak innanfor byggje- og anleggsbransjen. 11 av dei 35 kvinnelege innehavarane som måtte gje opp verksemda si, var etablerte innanfor varehandelen.

Tabeller: