5562_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5562
Talet på konkursar sokk i 2004
statistikk
2005-01-28T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på konkursar sokk i 2004

Det vart totalt opna 4 297 konkursar i Noreg i 2004. Dette er ein nedgang på 18 prosent frå 2003 til 2004. Vi er no på nivå med talet for opna konkursar i 2002.

Regionale skilnader

Alle fylka utanom Oppland, Nord- og Sør-Trøndelag har ein nedgang i talet på opna konkursar frå 2003 til 2004. Størst prosentvis nedgang finn vi i Aust-Agder, Finnmark, Hordaland, Vestfold, Troms, Buskerud og Møre og Romsdal, som alle har hatt ein nedgang på rundt 30 prosent.

Både i 2002, 2003 og 2004 vart 20 prosent av alle konkursane i Noreg opna i Oslo.

For heile landet var mars den månaden med flest konkursar i løpet av året både i 2003 og 2004.

Talet på opna føretakskonkursar, eksklusive enkeltpersonføretak, har gått ned med 13 prosent frå 2003 til 2004, medan talet på opna konkursar i enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar har gått ned med heile 25 prosent i same periode.

Den største nedgangen av opna konkursar frå 2003 til 2004 er innafor produksjon av transportmiddel og anna bergverksdrift og utvinning (ein nedgang på respektive 48 og 46 prosent).

Nedgang i 4. kvartal

Talet på opna konkursar har gått ned med 17 prosent frå fjerde kvartal 2003 til fjerde kvartal 2004.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finst tal for opna konkursar tilbake til 1999. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også omsetning og sysselsette totalt innafor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: