5566_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5566
Stadig færre konkursar
statistikk
2004-07-28T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre konkursar

Talet på opna konkursar har gått ned samanlikna med både første kvartal i år og andre kvartal i fjor.

I andre kvartal 2004 var det 1 093 opna konkursar. Frå fyrste kvartal til andre kvartal i år er det ein nedgang på 10 prosent, og samanlikna med andre kvartal i fjor er nedgangen på heile 22 prosent.

Frå fyrste til andre kvartal 2004 har det vore nedgang i talet på opna konkursar i alle fylke utanom Nord-Trøndelag, Oslo, Akershus, Østfold og Finnmark. I Finnmark har det ikkje vore noko endring i denne perioden. Størst prosentvis nedgang i denne perioden finn vi i Aust-Agder, Telemark og Sør-Trøndelag som alle hadde ein nedgang på meir enn 40 prosent.

Samanliknar vi andre kvartal 2003 med andre kvartal 2004, har det og vore nedgang i talet på opna konkursar i dei fleste fylka. I Vest-Agder og Nordland er det inga endring i denne perioden, medan det i Nord-Trøndelag og Oppland har vore ein auke i talet på opna konkursar. Størst prosentvis nedgang i talet på opna konkursar i denne perioden er det i Aust-Agder, Finnmark og Hordaland med meir enn 40 prosent.

I andre kvartal 2004 finn vi 24 prosent av dei opna konkursane i Oslo, mot 17 prosent i fyrste kvartal i år.

Talet på opna konkursar i enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar går framleis ned, samanlikna med andre kvartal i fjor har det vore ein nedgang på 27 prosent. I same periode har det vore ein nedgang på 19 prosent i talet på føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonføretak. Innanfor varehandel er det 51 prosent færre konkursar i enkeltpersonføretak inkludert personlege konkursar, medan det har vore ein auke på 4 prosent i talet på opna føretakskonkursar (ekskl. enkeltpersonføretak).

Færre konkursar i informasjonssektoren

IKT-sektoren og innhaldssektoren utgjer til saman informasjonssektoren. Samanliknar vi andre kvartal 2003 og andre kvartal 2004, så har talet på opna konkursar i informasjonssektoren gått ned med 38 prosent. Den største nedgangen finn vi i innhaldssektoren, der det i same periode er 53 prosent færre konkursar. Interessant er det og at 72 prosent færre sysselsette er råka av konkursane i informasjonssektoren i andre kvartal 2004 samanlikna med andre kvartal 2003.

Meir i statistikkbanken

Opna konkursar attende til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også tal på omsetning og sysselsette totalt innanfor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: