5568_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5568
Færre konkursar
statistikk
2004-06-10T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar1. kvartal 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre konkursar

I 1. kvartal 2004 vart det opna 1 216 konkursar. Dette er ein nedgang på 13 prosent frå 1. kvartal 2003. Talet på opna konkursar er om lag som i 4. kvartal 2003.

17 prosent av alle opna konkursar i 1. kvartal 2004 var i Oslo mot 22 prosent i føregåande kvartal. Frå 4. kvartal 2003 til 1. kvartal 2004 har Oslo hatt ein nedgang i talet på opna konkursar på 22 prosent. Den største auken i talet på opna konkursar i same periode finn vi i Hedmark, med nesten 59 prosent. Samanlikna med 1. kvartal 2003, er det ein nedgang i alle fylka, utanom Rogaland, Sør-Trøndelag og Troms.

Færre konkursar i informasjonssektoren

IKT-sektoren og innhaldssektoren utgjer til saman informasjonssektoren. I informasjonssektoren samla har talet på opna konkursar gått ned med 26 prosent frå 1. kvartal 2003 til 1. kvartal 2004. IKT-sektoren har hatt ein nedgang på nesten 23 prosent i talet på opna konkursar. Innhaldssektoren har hatt ein nedgang på 36 prosent i same periode. I innhaldssektoren finn vi forlagsverksemd, informasjonstenester, radio og fjernsyn og film og video.

Færre enkeltpersonsføretak konkurs

Talet på opna konkursar i enkeltpersonsføretak inkludert personlege konkursar har gått ned med 30 prosent frå 1. kvartal 2003 til 1. kvartal 2004, medan det i same periode har vore ein auke på 1 prosent for føretakskonkursar eksklusive enkeltpersonsføretak.

Meir i Statistikkbanken

Opna konkursar attende til 1999 er tilgjengelege i Statistikkbanken. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også tal på omsetning og sysselsette totalt innafor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: