5570_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5570
Fleire konkursar i fjor
statistikk
2004-01-23T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire konkursar i fjor

Det vart totalt opna 5 223 konkursar i Noreg i 2003. Dette er ein auke på 16,8 prosent frå 2002 til 2003, og er det høgste konkurstalet sidan 1992.

Det store konkursåret var 1992 med 5 749 opna konkursar. I 1993 var det 5 158. Etter dette var det årlege talet om lag 3 500 fram til den store auken i 2002 med 4 473.

Store regionale skilnader

Det var berre Oppland som hadde færre konkursar i 2003 enn i 2002, med ein nedgang på om lag 1,5 prosent. Den største auken i talet på konkursar hadde Buskerud, Finnmark, Vest-Agder og Hordaland med 44, 43, 41 og 33 prosent.

20 prosent av alle opna konkursar i 2002 var i Oslo. Det vart opna 1 032 konkursar i Oslo i 2003, ein auke på 7 prosent frå 2002. I Sogn og Fjordane, Telemark, Rogaland og Troms var det òg ein auke på mindre enn 10 prosent i talet på konkursar frå 2002 til 2003.

Størst auke av konkursar innafor bergverksdrift og utvinning samt fiske

Den største auken av konkursar frå 2002 til 2003 er innafor bergverksdrift og utvinning med heile 200 prosent, frå fem til 15 konkursar. Det har òg vore ein stor auke innafor fiske. Her har talet på konkursar auka med 171 prosent, frå 35 i 2002 til 95 i 2003. I finansiell tenesteyting og forsikring har det vore ein auke på 57 prosent, medan talet på konkursar innafor hotell- og restaurantnæringa har auka med om lag 35 prosent.

25 prosent av konkursane i 2003 var i varehandel, reparasjon av køyretøy og hushaldsapparat. I underkant av 19 prosent av konkursane var innafor eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleigeverksemd, medan 17 prosent var i bygg- og anleggsverksemd.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finst tal for opna konkursar attende til 1999. Konkursar kan her fordelast etter næring, organisasjonsform, etableringsår og storleik etter omsetning og sysselsette. Også omsetning og sysselsette totalt innafor kvar næring er tilgjengeleg, men ikkje brote ned på meir detaljert nivå. Talet på konkursar er tilgjengeleg på fylkesnivå og nasjonalt nivå, medan omsetning og sysselsette i siste driftsår berre er tilgjengeleg på nasjonalt nivå.

Tabeller: