2892
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/doi/arkiv
2892
Lågare vekst i detaljhandelen
statistikk
1999-06-23T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk
no
doi, Detaljomsetningsindeksen, detaljomsetning, volumindeks, verdiindeks, butikkhandel, varehandel, omsetning (av for eksempel dagligvarer, klær, byggevarer)Varehandel, Forbruk, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Detaljomsetningsindeksenmai 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare vekst i detaljhandelen

Verdien av detaljhandelen i alt, unnateke motorkjøretøy og bensin, auka med berre 0,5 prosent i mai i år samanlikna med mai i 1998. Sesongjustert volumindeks for mai er 0,7 prosent lågare enn gjennomsnittet av dei fem første månadene i år.

Mai er ein vanskeleg månad å sesongjustere på grunn av ulike glidande helgedagar. I mai i år var det to handledagar mindre enn i mai i fjor.

Prisindeksen for detaljhandelen auka med 2,3 prosent frå mai 1998 til mai i år.

Butikkar med næringa butikkhandel med apotekvarer, sjukepleieartiklar, kosmetikk og toalettartiklar auka omsetninga frå mai 1998 til mai i år med 2,0 prosent. Salet av andre nye varer gjekk opp med 0,4 prosent i same periode. Denne næringa omfattar mellom anna klede, sko, elektriske varer, møblar, jern- og byggjevarer. Verdien av omsetninga til butikkhandel med nærings- og nytingsmiddel i spesialforretningar gjekk ned med 0,2 prosent. Butikkhandel med breitt vareutval, som i stor grad består av kolonialforretningar, gjekk ned med 0,3 prosent.

Førebelse tal

Tala byggjer på 4 150 oppgåver som er om lag 350 færre enn det som normalt vil liggje til grunn for publisering av endeleg detaljomsetningsindeks. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vere når den endelege detaljomsetningsindeksen for mai vert publisert den 8. juli.

Detaljomsetningsindeksen, førebelse tal. Mai 1999. 1995=100   
  Mai 1999 Vekt mai 1999 Endring i prosent
  Mai 1998-mai 1999 Juni 97-mai 98
Juni 98-mai 99
Jan. 98-mai 98
Jan. 99-mai 99
Detaljhandel i alt, eksklusiv motorkjøretøy og bensin 116,3 100,0 0,5 6,2 4,9
Butikkhandel med breitt vareutval 114,0 44,9 -0,3 4,5 4,2
Butikkhandel med nærings- og nytingsmiddel i spesialforretningar 96,7 5,7 -0,2 2,8 2,4
Butikkhandel med apotekvarer, sjukepleieartiklar, kosmetikk og toalettartiklar 124,3 5,1 2,0 9,0 5,1
Butikkhandel med andre nye varer 119,9 42,5 0,4 7,5 4,9
1999 (C) Statistisk sentralbyrå

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB