84865_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
84865
Færre utanlandske hotellovernattingar
statistikk
2012-08-31T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuli 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre utanlandske hotellovernattingar

Fleire av dei største utanlandske marknadene hadde ein nedgang i talet på hotellovernattingar i juli i år. Eit unntak var våre svenske naboar som hadde 5 prosent fleire hotellovernattingar i Noreg i juli i år enn i same månaden i fjor.

Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Januar-juli. 2011 og 2012

I juli i år var det 2,51 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 1 prosent frå juli i fjor. Talet på norske hotellovernattingar var om lag uendra, medan utanlandske overnattingar gjekk ned 5 prosent i same perioden.

Samanlikna med juli 2011 gjekk losjiomsetninga for hotella opp med 3 prosent, frå 1 042 millionar kroner til 1 076 millionar kroner. Oppnådd pris per rom steig i same perioden frå 765 til 782 kroner.

Talet på yrkesovernattingar steig med 3 prosent i fellesferiemånaden. Kurs- og konferanseovernattingar og ferie- og fritidsovernattingar gjekk i same perioden ned med høvesvis 3 og 2 prosent.

Stadig færre campingovernattingar

Frå juli 2011 til juli 2012 gjekk talet på campingovernattingar ned med 3 prosent, frå 2,52 millionar til 2,44 millionar overnattingar. Det var ein reduksjon av norske og utanlandske campingovernattingar på høvesvis 2 og 6 prosent.

Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Januar-juli 2011 og 2012

Fleire utanlandske hyttegrendovernattingar

Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk opp med 7 prosent til 248 000 samanlikna med juli 2011. Det var 2 300 fleire norske og 14 400 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i juli 2012 enn i same månaden i fjor.

Totalt sett færre overnattingar i juli

I juli 2012 var det 5,3 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein nedgang på 2 prosent i høve til same månaden året før. Norske og utanlandske overnattingar gjekk i same perioden ned med høvesvis 1 og 4 prosent.

Auke i talet på overnattingar hittil i år

I perioden januar - juli 2012 var det 18,5 millionar overnattingar ved alle norske overnattingstader. Dette er ein auke på 1,5 prosent samanlikna med same perioden i 2011. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 11,4 millionar til 11,7 millionar overnattingar. Campingplassane har hatt 54 000 færre overnattingar hittil i år. Hyttegrender har hatt ein auke på 3 prosent, medan norske vandrarheimar har hatt 2,5 prosent færre overnattingar.

Tabeller: