84863_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
84863
Fleire norske hotellovernattingar
statistikk
2012-08-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire norske hotellovernattingar

I juni i år var det 2,1 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er ein auke på 6 prosent samanlikna med juni i fjor. Auken er størst blant dei norske hotellgjestene.

Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juni. 2011 og 2012

Samanliknar ein den første sommarmånaden i 2012 og juni 2011, gjekk losjiomsetninga for hotella opp med 9 prosent, frå 1 145 millionar kroner til 1 253 millionar kroner. Oppnådd pris per rom steig i same perioden frå 859 til 875 kroner.

I juni 2012 gjekk talet på norske hotellovernattingar opp med 8 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 2 prosent samanlikna med juni året før. Kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar steig med høvesvis 13 og 10 prosent i den same perioden. I denne perioden auka talet på ferie- og fritidsovernattingar med 2 prosent.

Fleire av dei største utanlandske marknadene synte ein auke i talet på hotellovernattingar. Unntaka er Nederland og USA som gjekk ned med høvesvis 18 og 8 prosent.

Færre campingovernattingar

Frå juni 2011 til same månaden i 2012 gjekk talet på campingovernattingar tilbake med 4 prosent, frå 1,43 millionar til 1,39 millionar overnattingar. Det var ein reduksjon av norske og utanlandske campingovernattingar på høvesvis 4 og 2 prosent.

Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juni. 2011 og 2012

Fleire norske hyttegrendovernattingar

I juni auka talet på overnattingar i hyttegrend med 12 prosent til 148 000 samanlikna med juni i fjor. Det var 19 100 fleire norske og 2 700 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i juni 2012 enn i juni 2011.

Totalt sett fleire overnattingar i juni

I juni 2012 var det 3,7 millionar overnattingar ved alle norske overnattingstader. Dette er ein oppgang på 2 prosent i høve til same månaden året før. Talet på norske overnattingar i juni 2012 gjekk opp med 3 prosent, medan utanlandske overnattingar var om lag uendra.

Auke i talet på overnattingar hittil i år

I perioden januar-juni 2012 var det 13,18 millionar overnattingar ved alle norske overnattingstader. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med same perioden i 2011. Hotell og andre overnattingsbedrifter rapporterte ein oppgang frå 8,9 millionar til 9,2 millionar overnattingar. Campingplassar og hyttegrender hadde ein overnattingsauke på 1 prosent, medan norske vandrarheimar hadde eit fall i talet på overnattingar på 4 prosent.

Akkumulerte tal

Sjå statistikkbanken for samanlikningar mellom månadene hittil i år og tidlegare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg, vil det vere naturleg å samanlikne fleire månader under eitt for å unngå denne feilkjelda.

Tal for hittil i år finn ein i tabellane 08401, 08402, 08403, 08404, 08405, 08406 og 08407.

Tabeller: