14548_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14548
Oppgang for hotella i 2010
statistikk
2011-02-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingardesember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang for hotella i 2010

Det var 18,4 millionar overnattingar ved norske hotell i 2010, ein oppgang på 4 prosent samanlikna med året før. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp, med høvesvis 3 og 8 prosent.

USA gjekk mest opp av dei store utanlandske marknadene, med 51 000 fleire overnattingar. Dette er ein auke på 21 prosent samanlikna med 2009. Den største utanlandske marknaden, Tyskland, auka talet på overnattingar frå 664 000 til 709 000 frå 2009 til 2010. Dette tilsvarar ein auke på 7 prosent. Talet på overnattingar frå Storbritannia og Nederland fall i same periode, med høvesvis 1 og 2 prosent.

Talet på kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp med 3 og 2 prosent i 2010. Samanlikna med året før gjekk ferieovernattingar opp med 7 prosent, eller 555 000 fleire overnattingar.

Omsetningsauke, men nedgong i pris per rom

Omsetninga for hotella gjekk opp med 4 prosent, frå 10,3 milliardar til 10,7 milliardar, samanlikna med 2009. Prisen per rom gjekk ned frå 863 til 859 kroner.

Færre campingovernattingar

I 2010 gjekk talet på campingovernattingar ned med 3 prosent samanlikna med 2009. Norske campingovernattingar gjekk i same periode ned med 4 prosent, medan dei utanlandske steig med 0,5 prosent.

Liten auke på hyttegrender

Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk opp med 1 prosent i 2010 samanlikna med året før. Norske overnattingar gjekk opp med 5 prosent, medan dei utanlandske fall med 3 prosent.

Desember: fleire norske hotellovernattingar

I desember 2010 auka talet på norske hotellovernattingar med 5 prosent samanlikna med same månad året før. Utanlandske hotellovernattingar var uendra.

Norske campingovernattingar gjekk ned frå 158 000 til 148 000 overnattingar frå desember 2009 til desember 2010. Utanlandske campingovernattingar gjekk opp med 5 prosent i same periode.

Hyttegrendovernattingar gjekk i desember 2010 ned med heile 27 prosent i forhold til desember året før. Både norske og utanlandske overnattingar på hyttegrend fall med høvesvis 16 og 38 prosent.

Tabeller: