14352_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14352
Fleire utanlandske hotellovernattingar
statistikk
2010-10-29T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanlandske hotellovernattingar

I september i år var det 1,63 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er ein oppgang på 7 prosent samanlikna med september i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 5 prosent og 12 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i september 2010.Unntaket var Storbritannia. Talet på gjestedøgn som britane stod for, fall med 3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Størst oppgang sørgde gjestar frå USA for med ein auke på 39 prosent, eller 10 000 fleire overnattingar.

Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom

Samanlikna med september 2009 gjekk omsetninga for hotella opp med 9 prosent, frå 983 millionar til 1 070 millionar. Prisen per rom auka i den same perioden frå 875 til 878 kroner.

Fleire utanlandske campingovernattingar

Frå september i fjor til september i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 1 prosent. Det var like fullt ein reduksjon på 2 prosent for norske campingovernattingar, medan utanlandske campingovernattingar gjekk opp med heile 12 prosent i denne perioden.

Fleire norske hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 88 000 til 96 000 overnattingar, det vil seie ein oppgang på 9 prosent samanlikna med september 2009. Det var 15 000 fleire norske og 7 000 færre utanlandske overnattingar i hyttegrender i september i år samanlikna med september i fjor.

Tabeller: