14358_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14358
Auke i hotellovernattingane
statistikk
2010-08-13T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i hotellovernattingane

I juni i år var det om lag 2 millionar overnattingar ved norske hotell. Samanlikna med den tilsvarande månaden i fjor gjev dette ein oppgang på 7 prosent. Utanlandske overnattingar auka mest, med 13 prosent, medan talet på norske overnattingar auka med 4 prosent.

Av dei store utanlandske marknadane er det Tyskland som har hatt størst auke. Samanlikna med juni i fjor hadde tyskarane 11 000 fleire overnattingar på norske hotell i juni i år. Dette tilsvarar ein auke på 9 prosent. Talet på overnattingar med gjestar frå Nederland og Frankrike gjekk ned med høvesvis 9 og 1 prosent samanlikna med fjoråret.

Både ferieovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp med 7 prosent samanlikna med same månaden i fjor. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp 5 prosent, frå 250 000 til 262 000 overnattingar.

Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom

Samanlikna med juni 2009 auka omsetninga for hotella frå 1 126 millionar til 1 209 millionar. Dette gjev ein vekst på 7 prosent. Prisen per rom auka i den same perioden frå 882 til 888 kroner.

Nedgang for camping

Frå juni i fjor til juni i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 8 prosent, frå 1 471 000 til 1 360 000 overnattingar. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk tilbake. Den største nedgangen var det norske campingovernattingar som stod for, med ein reduksjon på 9 prosent. Talet på utanlandske campingovernattingar fall med 4 prosent.

Auke for hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar auka frå 125 000 til 131 000 overnattingar. Dette utgjer ein oppgang på 5 prosent samanlikna med juni 2009. Utanlandske overnattingar auka med 12 prosent, noko som tilsvarer 8 000 fleire overnattingar i juni i år. Men det var 2 000 færre norske hyttegrendovernattingar samanlikna med same perioden i fjor.

Tabeller: