14372_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14372
Færre hotellovernattingar
statistikk
2010-01-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarnovember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar

I november i år var det 1,25 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent samanlikna med november 2008. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med heile 6 prosent.

Av dei store utanlandske marknadene steig Frankrike og Italia med høvesvis 10 og 37 prosent i november 2009 samanlikna med november 2008. Desse landa hadde ein positiv trend i heile perioden januar-november 2009 sett i høve til same periode året før. Blant dei store marknadene hadde Spania størst prosentvis auke, med 41 prosent, medan Storbritannia viste størst nedgang, med 9 prosent færre overnattingar.

Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 7 prosent. Overnattingar på kurs og konferanse samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 13 og 1 prosent.

Nedgang i omsetning og pris per rom

Samanlikna med november 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 4 prosent, frå 905 millionar til 865 millionar kroner. Samstundes gjekk gjennomsnittleg pris per rom ned frå 896 til 880 kroner.

Fleire norske campingovernattingar

Frå november 2008 til november 2009 gjekk talet på campingovernattingar ned med 1 prosent, frå 176 000 til 174 000 overnattingar. Norske campingovernattingar steig med 2 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 27 prosent.

10 000 fleire hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar auka i november 2009 sett i høve til same månad førre året. Norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp med høvesvis 18 og 33 prosent.

Tabeller: