14376_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14376
Stadig færre hotellovernattingar
statistikk
2009-10-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre hotellovernattingar

I september i år var det 1,53 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 3 prosent samanlikna med september i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 2 prosent, medan utanlandske overnattingar blei redusert med 6 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene viste tilbakegang i september 2009 samanlikna med september 2008. Størst nedgang hadde Storbritannia og USA med høvesvis 9 000 og 8 000 færre overnattingar. Unntaka var gjester frå Japan, Italia og Tyskland. For desse gruppene auka overnattingstalet

Talet på ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 3 prosent. Talet på overnattingar på kurs- og konferanse samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 7 og 6 prosent.

Nedgang i omsetning og pris per rom

Samanlikna med september 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella tilbake med 6 prosent, frå 1 048 millionar til 983 millionar, medan gjennomsnittleg pris per rom fall med 10 kroner frå 885 til 875 kroner.

Færre campingovernattingar

Frå september i fjor til september i år blei talet på campingovernattingar redusert med 8 prosent, frå 485 000 til 445 000 overnattingar. Både norske og utanlandske campingovernattingar viste ein tilbakegang på høvesvis 9 og 3 prosent.

Færre norske hyttegrendovernattingar

Det var ein reduksjon i talet på hyttegrendovernattingar på 11 prosent, frå 99 000 overnattingar i september i fjor til 88 000 overnattingar i september i år. Norske hyttegrendovernattingar stod for heile nedgangen.

Tabeller: