14378_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14378
3 prosent færre hotellovernattingar
statistikk
2009-10-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaraugust 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3 prosent færre hotellovernattingar

I august i år var det 2,03 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 3 prosent samanlikna med august i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 6 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene viste tilbakegang i august 2009 samanlikna med august 2008. Størst nedgang hadde Tyskland med 10 prosent. Storbritannia og Spania hadde òg nedgang. Talet på overnattingar frå Sverige, Nederland og Frankrike auka derimot.

Talet på ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 3 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 17 og 10 prosent.

Nedgang i omsetning og pris per rom

Samanlikna med august 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 9 prosent, frå 1 113 millionar til 1 021 millionar. Gjennomsnittleg pris per rom gjekk ned frå 854 til 823 kroner.

Færre campingovernattingar

Frå august i fjor til august i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 2 prosent, frå 1,62 millionar til 1,58 millionar overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 4 prosent.

Fleire hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar auka med 2 prosent, frå 151 000 overnattingar i august i fjor til 155 000 overnattingar i august i år. Både norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp med 2 prosent.

Tabeller: