14394_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14394
Nedgang for hotella i 2008
statistikk
2009-01-29T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingardesember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang for hotella i 2008

I 2008 var det 18,2 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent frå 2007. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 3 prosent.

Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige talet på overnattingar med 3 prosent frå 2007 til 2008, medan den britiske marknaden gjekk ned med heile 13 prosent i den same perioden. Talet på kurs og konferanseovernattingar auka med 3 prosent, medan det ikkje vart fleire yrkes- eller ferieovernattingar. Samanlikna med 2007 vart talet på ferieovernattingar redusert med 4 prosent.

Auke for camping

Frå 2007 til 2008 vart det 2,7 prosent fleire overnattingar på campingplass, ein auke frå 8,4 millionar til 8,6 millionar overnattingar. Det var innanlandske turistar som sørgde for auken. Den norske marknaden hadde ein auke på 4 prosent, medan utlendingar hadde 1 prosent færre overnattingar enn i 2007.

Fleire hyttegrendovernattingar

Det var meir populært å overnatte i hyttegrender i 2008 samanlikna med året førre, ein auke på 2 prosent. Utanlandske turistar stod for mesteparten av auken. Talet på norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 0,5 og 3 prosent.

Nedgang i desember tross auke for camping og hyttegrender

Samanlikna med desembertala for 2007 var hotellovernattingstala for desember 2008 låge. I desember i 2007 hadde norske hotell 946 000 overnattingar, medan dei hadde 900 000 i desember i 2008. Dette er ein nedgang på 5 prosent. Også Norske Vandrerhjem hadde færre overnattingar i desember i år, ein nedgang på 25 prosent frå desember i fjor. Overnatting i camping- og hyttegrend var derimot meir populært i desember i 2008 enn i tilsvarande månad året før. Auken var på høvesvis 10 og 2 prosent.

Tabeller: