14396_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14396
Færre hotellovernattingar
statistikk
2009-01-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarnovember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar

I november i fjor var det 1,281 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 4 prosent samanlikna med november 2007. Norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 4 og 2 prosent.

Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige i talet på overnattingar med 3 prosent, medan overnattingar frå Storbritannia gjekk ned med 7 prosent samanlikna med november 2007. Kurs og konferanse, yrkes og ferieovernattingar gjekk alle ned med 4 prosent samanlikna med november 2007.

Nedgang for camping

Frå november 2007 til november i fjor gjekk talet på campingovernattingar ned med 0,4 prosent, frå 177 000 til 176 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 2 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 14 prosent, frå 23 000 til 20 000 overnattingar.

Fleire hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 45 000 til 46 000 overnattingar, ein auke på 2,5 prosent samanlikna med november 2007. Det var 2 000 fleire norske og 1 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i november 2008 samanlikna med november 2007.

Nedgang for hotella

I januar-november 2008 gjekk talet på hotellovernattingar ned med 258 000 overnattingar, frå 17,6 til 17,3 millionar, ein nedgong på 1 prosent. Camping- og hyttegrendovernattingar auka i same periode med høvesvis 3 og 2 prosent. Norske Vandrerhjem gjekk ned med 4 prosent.

1  Tall rettet 8. januar 2009 kl. 1150.

Tabeller: