14398_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14398
Færre hotellovernattingar
statistikk
2008-12-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaroktober 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar

I oktober i år var det 1,34 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med 2 prosent.

Av dei store utanlandske marknadene auka talet på svenske overnattingar med 2 prosent, medan Storbritannia hadde ein nedgang på heile 18 prosent samanlikna med oktober 2007. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 5 prosent samanlikna med same månad i fjor, frå 281 000 til 296 000, medan yrkesovernattingar og ferieovernattingar gjekk ned med høvesvis 5 og 3 prosent.

Auke for camping

Frå oktober i fjor til oktober i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 7 prosent, frå 223 000 til 239 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 8 prosent, medan utanlandske var om lag uendra.

Fleire hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 55 000 til 60 000, ein auke på 8 prosent samanlikna med oktober 2007. Det var 2 000 fleire norske og 3 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i oktober i år samanlikna med oktober i fjor.

Liten oppgang i totaltala hittil i år

Med auke i camping- og hyttegrendovernattingar i perioden januar til oktober 2008 gjekk talet for alle overnattingsformene litt opp i forhold til same perioden i 2007. Norske overnattingar auka med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 2 prosent.

Tabeller: