14400_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14400
Liten nedgang for hotella
statistikk
2008-11-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang for hotella

I september i år var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med september i fjor. Norske overnattingar gjekk opp med 1 prosent medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 6 prosent.

Ferietrafikken trakk ned totaltalet i september, medan det var ein auke i kurs og konferanse og yrkestrafikken. Ferietrafikken gjekk ned med 4 prosent , frå 609 000 til 584 000 overnattingar. Av dei store utanlandske marknadene i september 2008 var Sverige størst med 47 000 overnattingar. Talet på svenske overnattingar gjekk opp med 13 prosent frå i fjor, medan Storbritannia hadde den største nedgangen med 13 prosent.

Auke for camping

Frå september i fjor til september i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 4 prosent, frå 467 000 til 485 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 7 prosent, medan utanlandske campingovernattingar fall med 8 prosent. For alle dei spesifiserte utanlandske marknadane gjekk talet på overnattingar opp med unntak av Nederland og Tyskland som gjekk ned med høvesvis 17 og 4 prosent.

Hyttegrender aukar

Talet på overnattingar ved hyttegrender gjekk opp frå 90 000 til 99 000, ein auke på 9 prosent samanlikna med september 2007. Norske hyttegrendovernattingar gjekk opp med 16 prosent medan utanlandske overnattingar var uendra frå september 2007.

Stabilt hittil i år

Trass nedgang i talet på hotellovernattingar hittil i år hadde totaltrafikken 28 000 fleire overnattingar, ein auke på 0,1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Hyttegrender hadde 19 000 fleire overnattingar, ein auke på 2 prosent samanlikna med perioden januar-september 2007. Størst auke i perioden hadde campingplassane som steig frå 7,9 millionar til 8,1 millionar overnattingar, ein oppgang på 2,5 prosent.

Tabeller: